Fløyen - Knarvik

lørdag 10. mai 2025

Ein turmarsj for heile familien ELLER eit utfordrende løp på ca. 27 km, i år med Stolpejakt!

Kva vel du?

Ein fantastisk tur!

Velg den lengste etappen med start på Fløyen eller velg den korte etappen med start ved IKEA i Åsane.

Eit utfordrende og opplevelsesrikt løp!

Eigen løpsklasse med tidtaking og premiering av 3 beste kvinner og menn. Løpsklassen har berre start på Fløyen.

Har du det som skal til for å ta utfordringen?

Start på Fløyen.
Ein framifrå tur frå Bergen(Fløyen) til Knarvik

Fløyen - Knarvik, (tidlegare Bergen Fjell og FjordTur) er ein turmarsj/løp på ca. 27 km. Traseen går frå Fløyen til AMFI Knarvik . Store delar av turen følger den gamle postvegen og fortset på fortau/veg/sti over Nordhordlandsbrua, Flatøy og Hagelsundbrua til AMFI Knarvik. Dersom du ikkje vil gå heile turen, kan du starte frå IKEA i Åsane (14km).

Tur med Fløibanen opp til Fløyen er ink. i påmeldinga.
NB! IKKJE Etterpåmelding ved start.
Eiga klasse for løp. Berre start frå Fløyen. Her blir det tidtaking og premiering til dei 3 beste kvinner og menn.
Dato: 10. mai 2025
Start Fløyen : turklasse kl 09:30 - 10:00 ,  løpsklassen kl 11:00(fellesstart) - IKEA Åsane 12:00 (felles start)
Premiering: Trekt på startnr.
Gratis buss: Det vert sett opp GRATIS buss frå Knarvik til Bergen kl 08:20 og 09:30.
Henting av startnummer: Ved nedre stasjon Fløyenbanen frå 08:45 til 10:45 - Ved IKEA Åsane frå 11:30 til 12:00.
NB! IKKJE Etterpåmelding ved start.

VIKTIG INFORMASJON

Transport

Det er satt opp gratis buss frå Knarvik Skysstasjon kl. 0820 og 09:30 til Bergen, (til nedre stasjon Fløybanen).

Retur til Bergen/Åsane med vanlig rutebuss fra AMFI Knarvik. Buss til Bergen/Åsane går kvar halve time, 1300,1330,1400,1430 oav. Busstopp til Bergen rett ved målgang i AMFI Knarvik.

Priser påmelding  -  MERK Start Fløyen Tur med fløybana opp til Fløyen er ink. i påmeldinga.

Løyper

Det er løypevakter langs heile løypa. Røde kors vil ha stasjonar langs løypa.

Løypa frå Fløyen er 27 km lang og har ei samla stigning på 800m.

Løypa frå IKEA Åsane er ca. 14 km lang.

Løypemerking: KM-merke, skilt med piler, raude og kvite merkebånd.

Mat og drikkestasjonar:

Eidsvåg - 8 km - Vann på flaske

Rolland - 12 km - Vann på flaske

IKEA Åsane - 14 km til mål - Vann på flaske og bananer.

Tellevik fotballbane - 6km til mål - Vann på flaske og banan.

Flatøy parkeringsplass - 3km til mål - Vann på flaske

I AMFI Knarvik blir det servert baugette frå Big Bite ,bananer, vann på flaske, kaffi mm. .

Toalett: IKEA Åsane og ved start på Fløyen og i AMFI Knarvik.

Til slutt nokre gode råd:

Husk gode sko og ikkje minst gode labbar. Joggesko som er brukt eit par gonger er kanskje det beste. Det er ca 50% asfalt , 30% grus og 20% sti på turen. Ein må kle seg etter været. Ta med ein liten ryggsekk slik at ein kan kle av og på seg etter været. Det er sett opp 5 drikke/matstasjonar på turen frå Fløyen. Den første etter ca 8km. Ta likevel med litt drikke og mat i ryggsekken.

Når du går over Nordhordlandsbrua er det ca 4km til mål

Når du går over Nordhordlandsbrua er det ca 4km til mål

Løpsklasse har felles start kl 1100

Tur klassen har start kl 0930 - 1000

Utdeling av startnr. og start ,for dei som har start på Ikea, er på “baksida” av Ikea. Felles start kl 1200

Høydeprofil - Med start på Fløyen blir det ei del nedoverbakke i starten. Lett kupert til ein kjem til Mellingen ca 1 km etter Ikea. Då går det opp ca 250 høydemeter.

Trase frå Fløyen til Knarvik. Store delar av turen følger den gamle postvegen gjennom Åsane og fortset på fortau/veg/sti over Nordhordlandsbrua, Flatøy og Hagelsundbrua til AMFI Knarvik.

Etter målgang i Amfi Knarvik er det servering av mat og drikke og ikkje minst ein god prat med andre som har vore med på turen